mandag 29. november 2010

Alle skal med

Vi hadde finansdebatten før helga, og jeg fikk ut litt frustrasjon. Her er mitt innlegg om litt av virkelighetsforståelsen slik jeg ser den. Og ja, det er på nynorsk. Bare for enkelhets skyld.

«Alle skal med.» Det var slagordet til dei raud-grøne i valkampen. Alle skal med. I denne debatten har eg i grunnen høyrt mest om skremselspropagandaen dersom det blå-blå alternativet kjem. Eg har høyrt lite om at alle skal med.

Alle skal med, men ikkje dei som slit med å kome i arbeid. Kristeleg Folkeparti skil seg ut i det politiske biletet ved at ein kan ikkje så enkelt plassere oss på høgre–venstre-aksen fordi vi vel ein verdiakse. Me vel parti med dei som slit mest. I budsjettet som ligg føre foreslår dei raud-grøne å kutte i arbeidsmarknadstiltaka med 7 000 plassar. Akkurat i dag er det ca. 76 000 menneske som er på tiltak. Frå nyttår skal me ned i 71 200 i snitt i 2011. Det paradoksale er at 186 det tek 900 dagar frå du blir sjukmeld til du faktisk får tilbod om eit arbeidsretta tiltak.

Eg ser finansministeren sit her. Dette er ikkje berre eit tiltak som vil hjelpe enkeltmenneske med endeleg å få kome ut i arbeid, men det er eit samfunnsøkonomisk tiltak. 900 dagar må dei i gjennomsnitt vente. I Kristeleg Folkepartis budsjett prioriterer me auka arbeidsmarknadstiltak fordi me veit at det er eit viktig verkemiddel for å hjelpe folk ut i arbeid.

Alle skal med, men ikkje dei som vender seg til Nav-kontoret. Det blir kutta 161 mill. kr ute i fylka. Allereie i dag har dei tilsette for lite tid per brukar, saker hopar seg opp, det er restansar. Innsparingar som skal gjelde i det ytste leddet, hos saksbehandlarane, trur eg kjem til å føre til den konsekvensenat det er enno fleire som slit med å få den hjelpa dei treng på Nav-kontoret.

Alle skal med, men ikkje dei med nedsett funksjonsevne. Prosentdelen menneske med nedsett funksjonsevne som er i arbeid, går ned. Det er færre som får moglegheita til å kome på tiltak, som kan hjelpe dei, gi dei verdfulle erfaringar for å kome ut i arbeidslivet. Akkurat no, ifølgje Nav sin statistikk, er det 59 932 menneske med nedsett funksjonsevne som er på tiltak. 154 000 har fått avklart eller fått arbeidsevnevurdering og som er enno ikkje komne på tiltak– 154 000 som kunne gått ut i tiltak dersom me hadde gitt dei eit tilbod. I vårt budsjett prioriterer me dei menneska med nedsett arbeidsevne fordi dei har ein kapasitet, dei har eit ønske om å kome ut i arbeid, og det er livsviktig.

Alle skal med, men ikkje dei aller fattigaste. Eg er kanskje ung, men eg hugsar veldig godt at mange valkamper dreia seg om dei aller fattigaste. Eit av minna mine er då statsminister Bondevik satt på tv og beklaga seg fordi han ikkje hadde gjort nok. Om det var ein ting han ville gjort meir av, så var det at han ville gjort meir for dei fattigaste. Eg hugsar godt korleis dei raud-grøne oppførde seg i debatten. Eg var litt lei meg på Bondeviks sine vegner, men i dag er eg ufatteleg stolt fordi Kristeleg Folkeparti leverte for dei aller fattigaste.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at delen fattige barn i treårsperioden 1999–2001 var 3 pst. Frå 2006–2008 var han auka til 8 pst. – nesten tre gonger så mykje. Barn er verdsmeistrar i å prøve å skjule fattigdom. Dei seier nei, pappa, eg treng ikkje gå på fotballen fordi dei veit at pappa og mamma ikkje har råd til å sende dei på fortballtrening. Fattige barn er kanskje noko av det viktigaste me må gjere noko med.

Det er freistande å gå inn på uføretrygd og varsla kutt som kanskje kan kome, men eg skal ikkje gjere det, fordi eg skal ta sosialhjelpssatsane. I Kristeleg Folkepartis sitt budsjett aukar me sosialhjelpssatsane med 5 pst. Det som SV sin leiar, Kristin Halvorsen, sa var det viktigaste enkelttiltaket for å gjere noko med fattigdomen, å få standardiserte, normerte satsar for sosialhjelp for å unngå at forskjellane er uverdig store ute i kommunane, er eit tiltak som vil hjelpe dei som treng det mest. Men eg skjønar ikkje korfor regjeringspartia, og særleg SV, vel å stemme det ned.

I 2009 fekk me ein ny trend med ikkje bør vere stolte av. Etter 16 år med nedgang i talet på mottakarar av sosialhjelp, var det i fjor ein auke på 8 000 mottakarar, Resultatet etter dei raud-grøne er ikkje nødvendigvis så godt som retorikken skal ha det til.

Kristeleg Folkeparti vil gi eit skikkeleg lyft for dei menneska som slit med å kome ut i arbeid. Me ønskjer å inkludere fleire menneske med nedsett funksjonsevne, og me har laga eit glimrande budsjett for å hjelpe folk ut av fattigdom. Det er berre så synd at budsjettet blir stemt ned, og at det tek nokre år til før Kristeleg Folkeparti sitt budsjett blir gjennomført.