onsdag 9. februar 2011

Menneskehandel

I debatt i Stortinget tok jeg opp menneskehandel, og hvordan vi kan hjelpe ofre av menneskehandel. Innlegget mitt er her:

Slaveriet tilhøyrer ikkje fortida. Det eksisterer framleis over heile verda,
sjølv i land som Frankrike og USA. Det skjer òg i Noreg. Overalt i verda er det
slavar som jobbar, slit og lir. Slavar i Pakistan kan ha sydd skoa du går med,
og teppet du står på. Slavar i India kan ha laga skjorta du har på deg, og dei
kan ha slipt ringen du har på fingeren. Slaver på dei karibiske øyene kan ha
produsert sukkeret du har på kjøkkenet. Slavar i Afrika kan ha dyrka fram
kakaoen du har i skåpet. Dei har fått svært liten eller ingen betaling for
jobben. Talet på slavar i verda i dag er større en nokon gong.
Det er det Kevin Bales, presidenten i organisasjonen Free the Slaves, som har sagt. Eg synest det er tankevekkjande. Ifølgje Bales er det 27 millionar slavar i dag. Det er dobbelt så mange som dei afrikanarane som blei frakta over Atlanterhavet i si tid. Ifølgje FN er menneskesmugling og menneskehandel dei nest mest innbringande verksemdene innan internasjonal og organisert kriminalitet, etter handelen med våpen, og er i dag velkjende element både i internasjonal migrasjon og i flyktinginstitusjonar.

Me er nok mange som har høyrt om og sett til William Wilberforce som eit stort førebilete. Han blei som ung valt inn i parlamentet i Storbritannia og brukte livet sitt på å kjempe mot slaveriet. Saman med gode vener lykkast det dei å vinne kampen om å gjere slaveriet forbode. På mange måtar har nok bevisstheita til mange endt litt med den kampen som blei vunne då. For eg trur ikkje det er like mange som er klar over situasjonen i verda i dag, og i Noreg i dag.

Talet på ofre for menneskehandelen aukar i Noreg. Dei siste åra har me sett at det har vore saker der menneskehandel blir knytt til au pair-verksemd, sex-sal, tigging osv., som fleire har vore inne på. At problemet aukar kan vere eit teikn på at det er for enkelt og for lukrativt for bakmenn å kome til Noreg og drive denne verksemda. Derfor meiner eg at det er kritikkverdig av regjeringa at ho ikkje har lagt fram ei ny handlingsplan mot menneskehandel før no. Den førre gjekk jo ut i 2009. Kristeleg Folkeparti tok fleire gonger til orde for å få på plass ein ny handlingsplan, og me er veldig glad for at han endeleg kom. Det er interessant at trykket har vore så stort og at dei konkrete tiltaka så mange, men så har ein altså gått så lenge utan å ha ein handlingsplan på plass. Fordi trykket har vore så stort, hadde eg håpt at planen kunne ha kome tidlegare. Men som sagt er eg glad for at han har kome, for konkrete tiltak er viktige.

Kristeleg Folkeparti har komme med fleire forslag til tiltak. Me har ønskt ein eigen handlingsplan, spesielt retta mot barn, som er ofre for menneskehandel. Særleg mindreårige asylsøkjarar er sårbare i samband med menneskehandel. Det er grunn til å tru at fleire av dei mange hundre barna som er forsvunne frå asylmottak, er eller har vorte ofre for menneskehandelen, utan tilstrekkeleg oppfølging frå politiet. Me har òg ønskt ein spesiell spesialopplært politieining som jobbar berre med menneskehandel og barn. Det er fordi det krevst spesielle kunnskapar og ferdigheiter for å jobbe med menneskehandel. Slik sett har me òg teke til orde for eit eige spesialtilbod, eit senter, for barn, som ein identifiserer som ofre for menneskehandelen, med spesialtrena personell. Me meiner i den samanhengen at barnevernet må få generelt omsorgsansvar for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år.

Eg la merke til at statsråden sa at ein må ta hand om barn på ein forsvarleg måte. Det er eg glad for. Men eg er òg veldig skuffa over at ho i same setninga sa at på grunn av økonomi kan ein ikkje få gjort noko med ansvaret for dei einslege mindreårige asylsøkjarane. At det er argumentasjonen for ei oppgåve ein burde gjort, synest eg er trist.

Kristeleg Folkeparti har òg teke til orde for at ein må få eit løft i kunnskapsnivået blant folk flest. Dersom ein ser til USA, blir ein tredjedel av det moderne slaveriet avdekt av vanlege borgarar. For at vanlege borgarar skal klare å hjelpe, trengst det òg eit større informasjonsløft. Derfor ønskjer me at informasjon, ikkje berre om William Wilberforce og om slaveriet som ein gong var, er pensum i den vidaregåande skolen, men at òg det moderne slaveriet blir løfta inn i undervisninga, slik at fleire får kunnskap og informasjon, slik at det er lettare å angi.