tirsdag 16. februar 2010

Trusfrihet for alle

Me hadde stortingsdebatt om trusfrihet, og kva Noreg kan gjere for å sikre at fleire menneske skal få oppleve frihet til å tru det dei vil. Her er mitt innlegg, som alltids referert på stortinget.no på nynorsk!

Retten til å tru det man vil, er ein av våre mest fundamentale menneskerettar, og det er ikkje utan grunn at dei amerikanske grunnlovsfedrane i sin "Bill of Rights" frå 1789 slo fast religionsfridomen som ei grunnleggjande rett i aller fyrste linje.

Trusfridomen heng nøye saman med ytringsfridomen, som legg sjølve grunnlaget for eit fritt og demokratisk samfunn. For min del veit eg kor viktig trua er for meg sjølv. Då veit eg òg kor vanskeleg det må vere å bli fråteken retten til å tru på det ein vil. Det å få lov til å tru på akkurat det eg vil, er ein viktig del av min eigen identitet. Viss eg blir fråteken ein del av denne retten, blir eg fråteken ein del av meg sjølv.

I land der ein opplever den forfølginga eller den frykta, må det vere ei utruleg vanskeleg påkjenning. For Kristeleg Folkeparti og den kristelegdemokratiske ideologien er dette noko av nøkkelen. For det heile mennesket er det ikkje det materielle – ei ny hytte, ein ny båt, ein ny bil osv. – som nødvendigvis gjer at ein har det godt, det er det at ein får fylt alle behova, òg den dimensjonen som nettopp går på det kulturelle, på det andelege osv. Derfor er det så utruleg viktig å kjempe for at ein skal få lov til å ha den delen òg. Det betyr at me òg må vere obs på det i vårt eige land, me må vere obs på at alle skal få lov til å tru på akkurat det dei vil.

Men overgrepa når det gjeld denne menneskeretten, har me i debatten fått høyre at kanskje er langt høgare enn ein skulle tru. Når fleire refererer til at 70 pst. av verdas befolkning lever i land der det blir lagt sterke avgrensingar på tru og utøving av religion, må eg innrømme at det eigentleg overraskar meg litt. Då eg førebudde meg til interpellasjonsdebatten og så at 126 land opplever frykt eller forfølging, eller mangelen på å kunne få lov til å tru det ein vil, så eg at viktigheita av å ta ein debatt som dette er enormt stor.

Eit tilfelle som eg har sett dei siste vekene, og som har rørt meg ekstra mykje, er at ein kristen butikkeigar i Pakistan, ein 22 år gamal kristen pakistanar – jamgammal med meg – er blitt dømd til livsvarig fengsel. Grunnen er at ein konkurrerande butikkeigar sa at han skulle ha vanhelga Koranen gjennom å ha rive ut sider av Koranen og brent dei. Papira han brente skal visstnok ha vore gamle forretningsjournalar, men uansett var ei slik påstand nok til å sette han i fengsel. Kva som skjer med den mannen i Pakistan, veit eg ikkje, men ein veit at dette berre er eit enkelt tilfelle blant mange andre.

Det er blitt nemnt at i Pakistan sitt naboland India blei hausten 2008 meir enn 50 000 kristne drivne på flukt. 5 000 bygningar som var eigde av kristne, blei øydelagde, og om lag 130 kristne blei drepne i løpet av éin månad. Eg var sjølv i Israel og på Vestbreidda for nokre veker sidan. Eg kunne ha nemnd situasjonen for kristne der og for andre minoritetar på begge sider, som opplever at det er vanskeleg å kunne utøve si tru.

Det betyr at me har ein jobb å gjere. Eg vil drøfte eit tiltak med utanriksministeren, nettopp med tanke på særleg den mannen i Pakistan. Kva tenkjer utanriksministeren om å opprette ein post på statsbudsjettet som kunne vere øyremerkt juridisk eller anna hjelp til menneske som er blitt dømde til lange straffer for påstått blasfemi eller andre religiøse lovbrot, t.d. denne situasjonen i Pakistan?

Eg er glad for at min partileiar har sett søkjelyset på trusfridomen gjennom denne interpellasjonen. Eg er glad for det som er sagt i debatten frå fleire parti, og at dette søkjelyset kan vere med på å føre til at vi kan jobbe endå meir målretta og effektivt for å styrkje respekten for trusfridomen. For svært ofte kan nettopp internasjonalt fokus vere med på å gjere ein forskjell, og det kan vere med på å bidra til at land kan endre si åtferd. Og derfor må me alle i Noreg vere opptekne avtrusfridom i møte med representantar frå land der den retten blir trua. Me må fokusere på det og ta opp spørsmålet med dei. For alle menneske må ha lov til å oppleve at dei har rett til å velje å tru på akkurat det dei vil.